Bestilling av vitnemål

English : Nynorsk : Bokmål

Utdanningsplanen er grunnlag for vitnemål, sjå § 8.1 i Forskrift om opptak, studiar, vurdering og grader ved Universitetet i Bergen.

Når du har oppnådd ein bachelor- eller mastergrad ved UiB, kan du bestilla vitnemålet ditt her. Du vil få ein e-post når bestillingen er mottatt. Bestillingen vil gå direkte til fakultetet ditt, som innan åtte veker etter at siste sensur i grada har falle vil utskriva vitnemålet. Vitnemål blir sende rekommandert til oppgitt adresse. Bestiller du vitnemål utan å ha oppnådd ei grad, blir ikkje bestillingen din behandla. Dersom du ikkje har oppnådd ei grad, men treng dokumentasjon på til dømes årsstudium eller enkeltemner, må du bestilla karakterutskrift.

Studentar ved Det juridiske fakultet skal ikkje bestilla vitnemål, men berre avlegga kandidatløfte. Les meir om dette på fakultetets vitnemålssider.

Eksamenar tatt i inneverande semester
Dersom nokon av eksamenane som inngår i grada er tatt i inneverande semester, må du venta med å bestilla vitnemål til karakteren for desse eksamenane er tilgjengeleg på StudentWeb.

Namneendring
Dersom du har endra namn sidan du var registrert student ved UiB, må du scanne og lasta opp dokumentasjon på namneendringa.

Ta godt vare på vitnemålet ditt. Det blir berre utskrive éin gong!

uiblogo

Universitetet i Bergen | IT-avdelingen

Adresse: Postboks 7800, 5020 BERGEN

Besøksadresse: Nygårdsgaten 5

Telefon: (+47) 55584201 Faks: (+47) 55548299

Kontakt: post@it.uib.no